Zlatan

Zlatan
Zlatans nase

søndag 21. april 2013

Vaardagen


Upp av Krakken!
Sumarsoli skin i grøne Bakken;
Jordi heve fenget Helgar-Plagget paa,
Skogen stend i Lauv so lysteleg aa sjaa.
Livet lettnar,
Vollen turkar seg, og Vegen slettnar.

Varma Guster
leda Lauvet paa dei grøne Ruster.
Nyst var Regn, og Jordi fekk sitt milde Bad,
reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit Blad;
Toppen sprikjer,
Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer.

Inn um Glaset
fær eg Angen av det grøne Graset.
Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft
ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein Fugl i Stenge.

Kvar ein kagar,
alltid nokot nytt seg uppedagar.
Nye Blomar spretta fram paa alle Rom;
lette Fivreld' yppa seg fraa Blom til Blom.
Fuglar sviva
upp med Song og rundt um Rusti driva.

Kvar ein lyder,
Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring:
Vegen er so full av fagnadsame Ting.
Langa Stunder
treng eg til aa sjaa paa desse Funder.
Av Ivar Aasen

Eg syntes at dette diktet passet veldig bra nå siden det er vår nå. Dessutan er dette et fint dikt. Dette er jo også ein nynorsk blogg og Ivar Aasen er jo nestan Nynorsk grunnleggaren.
Ingrid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar